Stranda Sykkelklubb.....Klubben med Alperittet Sykkel
21.11.2008
Untitled Document

Sykkeltur til Kristiansund med Hurigruta tilbake !


Vi utsetter turen til tirsdag eller onsdag, ta kontakt med Johnny eller Geir

Stranda Sykkelklubb vil "arrangere" ein sykkeltur frå Molde til Kristiansund via Atlanterhavsvegen laurdag 19. juli.

Du treng ikkje være medlem i sykkelklubben for å ta del i denne turen, dette er ein tur for alle. Den er vel og merke ca. 10 mil, men i flatt terreng og vi har god tid på ferga frå Bremsnes til Kristiansund.

Vi starter frå Stranda med ferge klokka 07:30, og køyrer med bil til Furneset og tek ferge klokka 09:00 til Molde. Vi parkerer bilane på Furneset.

Sykkelruta blir som fylgjande: Molde-Skaret-Elnesvågen-Bud-Farstad-Vevang-Atlanterhavsvegen over Averøy til Bremsnes. Dette blir ca. 10 mil. Så tek vi ferge frå Bremsnes til Kr.sund klokka 15:45.

Når vi kjem til Kristiansund tek vi Hurtigruta m/s Nordkapp klokka 17:00, med ankomst i Molde ca. klokka 21:00.Vi må då køyre om Ørsneset tilbake for å kome over Storfjorden.

Hurtigruta koster Kr.338,-.

For å prøve å organisere transport må vi ha ei påmelding innan torsdag kveld 17. juli til enten

Johnny mob. 92855769 eller
Geir mob. 41297655.

Dersom du bestemmer deg seinare, må du ordne med skyss/transport sjøl.

Væratterhald!!