Stranda Sykkelklubb....Klubben med Alperittet Sykkel
laurdag, 11.10.2008

06.09.08 Bikebeinerrittet gikk stort sett bra uten dei store uhella for vår del. Men Knut Helge var litt uheldig tett før han kom i mål, men klarte likevel å kome seg i mål innanfor merkekravet.

Ett lite klipp frå uhellet ser du her


01.09.08
Har lagt ut litt bilder frå "Birken". Her kan du sjå dei.


31.08.08 Då var Birkebeinerrittet over for i år. Det var mange frå Stranda Sykkelklubb og Stranda som sykla "Birken" i år. Raskast var Tove Lersveen og Geir Verpeide med tidene 3:40 og 3:17, som er veldig bra. Du kan sjå resultata for strandarane her . Vi kjem tilbake med litt bilder seinare.


28.08.08 Då er det snart klart for Birkebeinerrittet igjen. I år er det ritt både fredag og laurdag p.g.a. stor pågang. Frå Stranda er det ca. 20 syklister som skal delta i helga. Nokon reiser ned allereie torsdag ettermiddag og resten reiser på fredag. Værmeldingane ser bra ut, så det er absolutt grunn til å glede seg. Ynskjer alle en trivelig og sikker tur både frå Stranda til Lillehammer og over fjellet frå Rena til Lillehammer.


20.08.08


Ei lita oppkøyring til "Birken". Vi var 4 stykker som sykla frå Sykkylven og til Fausadalen og til Fjellsætra og ut igjen til Sykkylven. Denne runden var på ca. 6 mil og var ein kjempefin tur. Når vi sykla denne vegen, fikk vi litt motbakke på grusveg, så det passa utmerket.

Vil ønske alle som skal delta på Birken i år en god tur og lykke til. I dag er det søndag, så det er 5 dager igjen å bestille bussbillett - HUSK DET!


18.08.08 Sykkelklubben hadde ein fin sykkeltur over Panoramavegen søndag 17. aug. Det var 5 stykker som tok turen. Sikkert ikkje så dumt med ein slik tur tett før Birken.


13.08.08 Til helga arrangerer Sykkylven Sykkelklubb Sykkylvsrittet. Der er egen klasse for terrengsykkel. Du finn meir informasjon ved å følge linken.


11.08.08 Minner om turen på "Panoramavegen" på søndag 17. august.
Oppmøte kl 10.00 på Esso, alle sørger for egen skyss ved å avtale med andre slik at vi fyller opp bilane. Då starter vi frå Kjøs bru, og håper på fint ver.

PS Knut helge oppfordrer til å ta med lys,der skal vist vere nokre mørke høl på vegen.


02.08.08 I dag er det klart for Aursjørittet med nesten 600 deltakere. Rittet har fått mykje oppmerksomheit frå media siste dagane, så vi får berre ønske dei lykke til med arrangemntet. Det er 3 stykker frå Strada Sykkelklubb som deltek der.


17.07.08 Vi utsetjer turen på laurdag til Kr.sund til tirsdag eller onsdag. Kontakt Johnny eller Geir.


16.07.08 Gratulerer Nesset CK og Kurt Asle Arvesen med ein flott etappeseier i Tour de France i dag!!


06.07.08

Ny tur i sykkelklubbens regi i løpet av ferien. Vi tek ein tur frå Molde til Kr.sund, med hurtigruta tilbake.

Meir informasjon om turen her.


30.06.08 Sykkelklubben hadde ein tur til Kalvåg i Bremanger i helga. Turen og været var tydeligvis på turistane si side. Ligg bilder på linken "bilder".


26.06.08 Har lagt ut litt bilder frå årets Alperittet Sykkel. Du finn dei under bilde linken.


22.06.08 Alperittet Sykkel vart arrangert i går, og det gikk stort sett greit. Løypene holdt seg bra og det gikk bra med deltakarane. Raskaste kvinne vart Strandas egen Tove Lersveen med tida 1:52:19, og raskaste mann vart Bård Olav Karlstrøm frå Tomrefjord IL med tida 1:32:01. Vi gratulerer!

Tusen takk til alle som hjelpte til før, under og etter rittet, og takk til Sigurd som styrer det heile på Kulturhuset.
Resultata finn du her


15.06.08
Eit lite glimt frå startområdet i Geiranger.
Då var Nibberittet over for i år. Det var kjempefine forhold uten regn, og det var fleire som sette personlig rekord. Det vart også ny løyperekord. Du kan sjå resultata her.


14.06.08 Lykke til på Nibberittet i morgo!! Det er nesten 600 påmeldt totalt, så det blir folksomt oppover vegane. Ser ut på værmeldinga at dei fleste har kanskje komt seg opp på toppen før regnet kjem :-).
God Tur!


08.06.08
Turen i dag gikk til Trollstigen. Vi var 6 stykker som sykla til Trollstigen i dag. Kjempefint sykkelvér, og vi kom tilbake akkurat når regnet starta. Reiselederen vart forhindra frå å møte i dag, men vi var så heldig at vi hadde sjølvaste formann med oss, så vi fann fram i dag også. Vi hadde plass til mange fleire, så dei som er medlemer i klubben og andre må gjerne møte opp og være med!


05.06.08 Då er det klart for ein ny søndagstur. Denne søndagen går turen til Trollstigen og tilbake. Vi tar ferge frå Stranda 09:45, og kjører til Linge og sykler derfrå. Det er vel greit å møte opp i 09:30 tida slik at ein ser om der er nokon som køyrer. Kontaktperson er Tore Løvlid mob. 95044145


04.06.08 Minner om turen til Kalvåg i slutten av måneden. Påmeldingsfristen er på søndag, og det er godt med plass enda. Har du tid, så blir det sikkert en kjempefin tur. Følg linken til høgre om oppdatering årets sosialtur, der ligg det opplysninger om turen, og dei som har meldt seg på.


01.06.08 Nibberittet nærmar seg faretruande. No er det berre 14 dager igjen, og frå stranda sykkelklubb er det 14 stykker som er påmeldt. Du kan sjå bilder frå brøytinga av vegen til Dalsnibba på sida til Nibberittet, som du finn under "Lenkjer" på sida her.


26.05.08 No går det fint å sykle frå fjellet og ned fursetreset. Det var veldig blaut veg med det same vi sykler over kanten, og der var ett nokså stort hol i vegen, så vi får prøve å ta det med ro. Når vi kjem nedom grinda, må vi være oppmerksom på mange små lam, og passe på å ikkje skremme dei slik at dei spring ned igjen til gards. God sykkeltur!


22.05.08 Minner om fellesturen på søndag. Den går frå Hellesylt til Leknes og tilbake. Oppmøte på Esso klokka 10:00 eller på Samvirkelaget på Hellesylt ca.10:30. Det er Johnny R som er kontaktmann, og han treff du på mob.92855769 dersom det er spørsmål om turen. God tur!!


20.05.08 Vi har snakka med Øvergaard pensjonat på Lillehammer ang. overnatting for birken 2008. Vi har 8 plasser med mulighet til å legge inn nokre få madrasser, og ellers kanskje vi kan sette opp en lavvo i hagen. Pr.11.10.2008 har vi kun 2 ledige sengeplasser frå torsdag til fredag. Frå fredag til søndag er alt opptatt, så då må vi organisere etter behov.


17.05.08 Gratulerer med dagen!


15.05.08
I dag var det styrketråkk, og vi var 7 stk. Det var nokså vått og kaldt, så det var no eit greit oppmøte. Der er plass til fleire, så det er berre å møte opp på Esso tirsdagane og torsdagane. Vi er ikkje verre på det enn at vi tar med "utabygds" også :-). Vi bruker ein sykkylving til "hare", men det er berre det att når det er på tide å smette forbi, så er han langt framføre oss andre.


02.05.08 Lyst på en langtur på sykkel? Det er ei stund til den første turen er oppsatt(25/5), men den som vil kan slå fylgje allereie 11. mai. Turen går då frå Magerholm-->Olsvika-->Skodjebrua-->Stette mot Ellingsøya tar av grusveg mot Tennfjord-->Engesetdalen-->Skodje-->Valle og tilbake til Magerholm. Oppmøte på Esso kl 10.00. Turleiar er Geir Verpeide. Dette blir ein rolig tur, og det er ei flat og fin strekning. Planen er å ta ferge frå Ørsneset klokka 10:50, så dersom det er nokon som vil sykle til Ørsneset, så er altså ferga 10:50 første mål. 


30.04.08 No har Sykkelklubben bestemt seg for årets sosialtur. I år går den til Kalvåg i Bremanger den 28.06, så sett av den helga til en kjekk og trivelig tur. Vi overnatter på knutholmen


06.04.08 No starter vi opp utetreningane. I år satser vi på både tirsdag og torsdag. Tirsdag tek vi sikte på intervall trening og torsdag er det styrketråkk. Start frå Esso klokka 18:00 begge dagane. Vi bruker samme opplegget som i fjor ang. løyper både til intervall og styrke. Vel møtt til ny sesong!


30.03.08 Alperittet Sykkel har gjort ein del endringer i løypetrasè og klasseinndelinger i år. Dette er gjort p.g.a. sykkelforbundet sine endringer i reglementet. Dei som er under 17 år har ikkje lov til å sykle lenger enn 30 Km. Les meir om dette på Alperittet Sykkel


12.03.08 Påmeldingane til Nibberittet strøymer på. Det har allereie komt opp i over 200. Derom du melder deg på etter 15. mars, auker både startkontigent og lisensprisen, så dersom du vil ha lavaste prisen, må du melde deg på no!


21.02.08 Då er det snart vår og syklinga og ritt starter opp igjen for fullt. Også i år er det slik at dersom du skal ha aktiv lisens, må dette gå gjennom klubben. Les meir under siste nytt


21.02.08 Vi har no opna for påmelding til Alperittet Sykkel, som blir arrangert 21.06.08. Du finn meir opplysninger og påmelding på www.alperittet.com


20.02.08 Skal du være med å ta verdensrekord i helga? Ulstein og Omegn Sykkelklubb og Ørsta Sykkelklubb går i lag og organiserer sykkelritt i Eiksund sambandet. Dette blir sikkert einaste sjansen du får til å delta i sykkelritt under havet. Les meir her , samtidig ønsker vi lykke til med arrangementet.


14.02.08 Sykkelklubben vil ha ein del aktiviteter i 2008 også. Vi vil satse på sykkelcup for dei yngste, som i fjor, nokre langturer og sosialt samvær. I år blir det Alperittet Sykkel midtsommars. Les meir om planane, som du også finn under linken aktiviteter.


03.02.08 Sykkelklubben hadde årsmøte i dag, og vi fikk bl.a. valgt eit nytt styre. Johnny Repvik vart valgt til ny leiar i klubben. Fordelane vi har hatt som medlemar, held vi uendra. Les meir


23.01.08 Årsmøte i Stranda Sykkelklubb søndag 3. februar klokka 19:30 på Stranda vg. skule.
Vanlege årsmøtesaker.
Gamle og nye syklister velkomne.


09.01.08 Alperittet Sykkel blir i år arrangert 21.06.08


30.12.07 Ynskjer alle eitt Godt Nytt år, og håper på mange fine sykkelturer.


28.12.07 Ren Idrett. Nyhetsbrev frå Antidoping Norge


 

 

 

 

 

 


Terminliste for Møre og Romsdal 2008
Oppdatering om årets sosialtur 2008

Vi har ein del buffar med sykkelklubb logo på til salgs


Stranda Cup Sykkel




Innstilling av sykkel innstilling av sykkel


Litt om medlemsfordeler

Store som små - bli med i
Stranda Sykkelklubb

Er det nokon som ynskjer å supplere i egen garderobe?
Har lagt ut ei liste over kva vi har igjen av sykkelklær.

Klubbdraktene ser du her

Medlemslistene ligg under sida om oss

Vi må passe på væskeinntaket under aktiviteter,men det er visst grenser for alt. Sjå meir her


Sykkelklubben har kjøpt en racersykkel hos G-Sport,Stranda. Denne er tenkt til utleige/utlån til medlemane. Kontakt G-Sport,Stranda for nærare opplysninger . Sjå sykkelen her