|
Nyheter
|
01.11.06 INFORMASJON OM ENGANGS TURLISENS FOR 2007
09.09.06 Vi hadde en god deltakelse og eit godt vær under Alperittet Sykkel. Det var 92 voksne og 70-80 barn/ungdom i barnealperittet. Les meir på alperittet.com sine sider.
01.09.06
27.08.06 I helga stod det 14. birkebeinerrittet for tur. Vi var 7 stk frå Stranda Sykkelklubb som reiste nedover. 3 klarte merket og dei 4 andre gjorde så godt dei kunne. Vi hadde fått opplysningar tidligere om att vi det var temmelig blautt i løypa. I løpet av torsdag og fredag hadde det iallefall tørka opp, og laurdag var det kjempefine forhold med sol. Det var tørre og fine løyper og den endringa i løypetraseen, hadde vi ikkje noko å utsette på. Det vart mellom 5 og 7 minutter lengre sykling. 23.08.06 I dag hadde vi nest siste omgang i sykkelcupen. Det var oppmøte på Framhus og sykling rundt om og mot "Lomsplassen". Det var god oppslutning i dag. Siste omgang i sykkelcupen, skal være samtidig som Alperittet Sykkel.
06.08.06 Tore Loe stilte som den einaste frå Stranda Sykkelklubb i Grenserittet 6.august.
17.06.06 I dag reiste vi 17-18 stykker frå Stranda Sykkelklubb, inn til Geiranger for å være med i Nibberittet. Vi vart dermed sykkelklubben med flest deltagarar. Eirik Helsem vart beste strandaren med den sterke tida: 1:28.Vi hadde eit strålande vær og gode forhold. Ordførern på Stranda, Frank Sve, deltok for første gong, og var godt nøgd med sin egen innsats. Tore Loe vart klassevinnar med tida 1:34, veldig sterkt
14.06.06 I dag hadde vi fyrste arrangementet med Stranda Cup Sykkel for barn. Det var ca. 20 stykker som møtte opp og sykla. Nokre sykla på tid og andre ikkje på tid. Hovedsaken er att ungane får kome seg ut på sykkel, og att det er litt organisert. Dei som ikkje sykla på tid, kunne bestemme sjøl kor langt dei ville sykle. Nokre tok seg pause og spela litt fotball, og andre kosa seg i fineværet. I dag møttest vi ved fotballbana på Framhus og sykla rundt om der.
04.06.06 14 stykker frå Sykkelklubben hadde ein våt og strevsam tur i helga. Vi sykla Norangsdalen, tok ferge over til Sæbø, sykla deretter til Standal, der vi rasta inne på hytta, før vi sykla ned til fergekaia og tok båten til Trandal. Der overnatta vi og tok ferga til Sæbø igjen og sykla opp Norangsdalen. Det var ei fin rute, men det vart litt tungt p.g.a. det dårlige været. Det var regn og vind stort sett heile vegen. Men til tross for ver og føre, hadde vi ein kjempefin tur, ikkje sant. Tusen takk for laget!
20.05.06 Vi var 7 stk som sykla en tur til Sykkylven via Ramstaddal og tilbake i dag. Vi møtte på en regnskur, og hadde litt vind, men det var en fin tur. Dette er en tur i overkant av 7 mil, og vi bruker 3-4 timer.
9.05.06 I dag var det en gjeng som sykla gjennom Alperittløypa, og der var ingen problemer. Det var snøfritt og fine vegar. Det er endel vegarbeid i samband med eit kraftanlegg når vi kjem fram til Engeset og skal byrja på vegen mot Liasætra. Det har blitt laga en ny veg, men det er berre å halde til høgre så går det bra.
1.5.06 I dag 1. mai hadde sykkelkubben sin første fellestur i 2006. Vi var 8 stykker som møtte opp og !fullførte.
22.04.06 Stranda Sykkelklubb var ikkje så sterkt representert i Kjeringi Open, men dei som var der hadde det skikkelig travelt. Det var Tore Loe, Geir Verpeide og Paul Ivar Pedersen som deltok i klassa superkjering. Tore og Geir vart klassevinnarar i hhv "superkjering superveteran" og "superkjering veteran", Paul Ivar vart nr.3 i klassa "superkjering veteran". Hermann Pedersen deltok i stafett, litt usikker på klasse og resultat her. Vi gratulerer!! |